KLUBBEN
OM KNABEN OG FJOTLAND IDRETTSLAG
Knaben og Fjotland IL blei stifta 1. januar 2017. Etter fleire tidlegare samtaler om samanslåing, kom medlemmar og styrene til Knaben IL og Fjotland IL i 2016 til at det var tid for ei samanslåing av dei to laga. Sjølv om det opp gjennom åra har vore skarp kniving klubbane imellom i både fotball og ski har det heile tida vore eit godt samarbeid der ein har hjelpt kvarandre med ulike arrangement.
Knaben IL blei stifta på Knaben den 15. april 1947. Skisport var den største aktiviteten i laget, men både friidrett og fotball var naturlige aktivitetar sommarstid. Då gruvene på Knaben blei nedlagt i 1973 var det langrenn som etter kvart blei den dominerande idretten. Klubben har hatt fleire skiløparar som har gjort det godt både i kretsen og på nasjonalt nivå. Dei siste åra har det vore ei gruppe aktive veteraner som har representert Knaben IL i forskjellige meisterskap, tur- og langløp. I 2003 blei skiskyting ei grein i Knaben IL og blei dei siste åra hovudaktiviteten blant dei yngste i laget. Det har vore frå 8 -15 aktive skiskyttarar kvart år som har delteke både på krets- og nasjonalt nivå. I 2016 hadde Knaben IL ca. 200 medlemmar.
Fjotland IL blei stifta 20.november 1969 på Kvinlog. Fotball har i alle år vore den største idrettsgreina, men både skisport og friidrett har hatt aktive utøvarar, kanskje mest på 70- og 80- talet. Klubben har hatt fotballag for både gutar og jenter i aldersbestemte klasser, og fram til utpå 2000-talet også seniorlag for menn. Dei siste åra har diverse trimaktivitetar vore populære blant klubbens vaksne medlemmar. Klubbens skirenn har hatt god deltaking i alle år, men det har elles dei siste 20 åra ikkje vore noe organisert skisatsing. I 2016 hadde klubben ca. 280 medlemmar.
VELKOMMEN SOM MEDLEM
Alle er velkommen som medlem i Knaben og Fjotland IL. Opplysninger som namn, adresse, fødselsdato og mailadresse må oppgis på samtlige medlemmer ved tegning av medlemsskap. Registrer også hvilken aktivitet det er mest aktuelt å delta i for det enkelte medlem. Medlemskontingent må vere betalt for å kunne delta i våre aktiviteter.
Det er også ønskelig at alle medlemmer registrerer seg på minidrett.no, dette for å forenkle medlemsregistreringa i vårt system som «snakker» med minidrett.
Medlemsansvarlig:
- Sigurd Netlandsnes, Tlf. 90 57 31 15
- Elise Orre, Tlf. 91 15 72 27
Medlemskontingent 2022
- Voksen kr. 100,-
- Barn kr. 100,-
- På grunn av nye vedtekter på Idrettstinget 2019 utgår familiekontingent.
Treningsavgift
- Barn/ungdom t.o.m 16 år Klubbnivå kr. 150,-
- Barn/ungdom t.o.m 16 år Kretsnivå kr. 300,-
- Ungdom/voksen fra 17 år Nasjonalt nivå kr. 1000,-
- Voksen Trim kr. 200,-
KONTAKT
Kontaktinfo:
Knaben og Fjotland IL
Krågelandsvegen 20
4473 Kvinlog
Organisasjonsnummer: 992 100 230
Bankkontonr.:3080.21.56754
Mailadresse: post@kfil.no
HOVEDSTYRET
Leif Hunsbedt styreleder
91 33 74 65 | leif.hunsbedt@eramet.com.no
Sigurd Netlandsnes, nestleder
90 57 31 15 | snetlandsnes@gmail.com
Eilef Netland, styremedlem
913 43 978 | eilef@fjotland.no
Ailin Lindefjeld, styremedlem
99 52 79 51 | aia_l@hotmail.com
Elise Orre, styremedlem, sekretær
911 57 227 | eliseorre79@gmail.com
Inge Helle, varamedlem
905 37 087 | inge.helle@vabb.no
Janne S. Netland, varamedlem
90 05 48 90 | jannesnet@icloud.com
LEDERE UNDERGRUPPER
FOTBALL
Kim Børild Kvinlaug
971 10 677 | kimkvinlaug@gmail.com
Inge Helle
90 53 70 87| inge.helle@vabb.no
SKI
Odd Terje Helle
97 59 98 09 | oddterjehelle@gmail.com
SKISKYTING
NN
NN | NN
TRIM
Mailinn Røyland
481 45 545 | kvinlogfresa@hotmail.com